Hevnlystne bygdepolitikarar?
sundag, juli 8, 2007
No er det ei veke igjen til eg for første gong reiser over Atlanterhavet til det amerikanske kontinentet, nærare bestemt dei amerikanske sambandsstatane. Der skal eg delta på «Global Young Leaders Conference», ein konferanse som tek for seg internasjonal politikk og diplomati og har fokus på å lære om andre kulturar gjennom at ungdommar frå heile verda møtest. Poenget er i fylgje arrangørane å gje «framtidas verdsleiarar» opplæring. Dei som får reise på denne konferansen må først nominerast av nokon som har moglegheit til dette. I mitt tilfelle var det rektor ved skulen min som nominerte meg. Han fekk moglegheita til dette for første gong i fjor, og då var det ei anna jente som reiste.
Dette er ei svært dyr konferanse, derfor er ein avhengige av at lokalmiljøet støttar oppom tiltaket med å gje personar til denne moglegheita. Kunnskapane og erfaringane ein person kan ha gjennom noko slikt kan også positiv innverknad på lokalmiljøet, og det å støtte oppom lokalbefolkninga gjev positivt inntrykk av kommunen.
I fjor vart heile denne konferansen dekka, stort sett pga eit kulturstipend utdelt av Sparebanken Hardanger. Men heimekommunen til deltakaren (Ullensvang herad) gav også sitt, om det ikkje var så mykje.
I år prioriterte Hardingbanken annleis, og eg fekk ingenting frå dei. Men det som var mest overraskande var at min eigen heimkommune, Ulvik herad, ikkje ville gi noka stønad. Dei hadde visstnok ingen «pott» på budsjettet dei kunne ta av. Det var ein av politikarane som føreslo å bruke av ein post på budsjettet dei ikkje hadde brukt eller kom til å bruka, men det vart nedstemt. Så kan ein undrast, då, kvifor ikkje Ulvik herad ynskjer å sende positive signal til lokalbefolkninga si?
No har det seg slik at mi eiga mor er medlem av dette formannskapet som behandla denne søknaden. Ho vart sjølvsagt ugild, og fekk heller ikkje inn ein vara. Som SV-ar er mor mi mislikt av «hovudmotstandarane» (Sp og Ap), spesielt ordføraren. Dei har òg fleirtalet i formannskapet. Sidan dette er ei lita bygd der alle kjenner alle, veit dei godt kven eg er dotter til. Då kan ein jo lura på om det kanskje er litt vanskeleg å skilja personlege konfliktar frå politiske saker?
Entry Filed under: Distriktspolitikk. .
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed