Helse – ei stor misforståing

sundag, juli 8, 2007

Namnam

Kvifor er det slik i dag at med ein gong nokon snakkar om sunn mat vert tankane leda til slanking? «Ja no har eg lagt på meg eit par kilo, då må eg verkeleg byrja å eta sunt!» Dersom ein anbefaler folk å ete sunt vert ein sjølv beskulda for å synast dei er feite, sjølv om det ikkje er det som er problemet deira. Kvifor dette slankehysteriet, kvifor all denne misforståinga?

Eg meiner dette er svært skadeleg. Eg er sjølv ikkje noko stort fan av slankepress, og ynskjer ikkje å anbefale folk å slanke seg. Men det er så utruleg lett å gå i den fella! Fordi dersom nokon seier at dei skal slanke seg og med det ete sunt er det vel kanskje positivt? Nei, eg meiner at dersom den einaste grunnen til at ein heilt normal person skal ete sunt er slanking, tyder det at den personen er misfornøgd med seg sjølv og har låg sjølvkjensle. Men det tyder heller ikkje at personen ikkje skal ete sunt!

Det ein puttar i seg har noko å seie når det gjeld omtrent alt. Ein skal ete sunt for å ha det bra, fordi maten lett påverkar psyken. Men det å bli utsett for slankepress påverkar også psyken, på ein svært negativ måte. Difor skal ein ikkje gå inn for ein «slankekur», et sunt så føler ein seg betre! Ikkje få dårleg samvit for vekta dersom du et «feil». Kjenn etter med deg sjølv om du merkar nokon skilnad på t.d. humøret. Humøret er noko ein er svært avhengig av i dagleglivet.

Det å leggje merke til korleis maten påverkar ein kan vere ein stor fordel. Jo meir ein merkar at ein føler seg betre, jo enklare vert det å ete sunt. Og all «sunn» mat er ikkje for alle. Blir du dårleg av mjølk, så ikkje ha det i deg. Vaksne pattedyr er naturleg intolerante mot mjølk (kjelde: Wikipedia). Skal ikkje gå nærare innpå det i denne posten.

Ikkje tenk på vekta dersom den ikkje gjer noko konkret fysisk skade, tenk på at du ynskjer betre livskvalitet med betre humør, mindre sjukdom og meir glede! Helsefokuset må endrast snarast!

Entry Filed under: Helse. .

Leave a Comment

hidden

Some HTML allowed:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Trackback this post  |  Subscribe to the comments via RSS Feed


Om meg

Eg er ungdomspolitikar med tilhaldsstad Voss/Hardanger. Er oppteken av miljø og politikk og sånt. Er Fairtrade- og økoambassadør og aktiv i Sosialistisk Ungdom, Økologisk Landslag (OIKOS) og Natur og ungdom.

Siste innlegg

Siste kommentarar

Blogroll