Hevnlystne bygdepolitikarar?

No er det ei veke igjen til eg for første gong reiser over Atlanterhavet til det amerikanske kontinentet, nærare bestemt dei amerikanske sambandsstatane. Der skal eg delta på «Global Young Leaders Conference», ein konferanse som tek for seg internasjonal politikk og diplomati og har fokus på å lære om andre kulturar gjennom at ungdommar frå heile verda møtest. Poenget er i fylgje arrangørane å gje «framtidas verdsleiarar» opplæring. Dei som får reise på denne konferansen må først nominerast av nokon som har moglegheit til dette. I mitt tilfelle var det rektor ved skulen min som nominerte meg. Han fekk moglegheita til dette for første gong i fjor, og då var det ei anna jente som reiste.

Dette er ei svært dyr konferanse, derfor er ein avhengige av at lokalmiljøet støttar oppom tiltaket med å gje personar til denne moglegheita. Kunnskapane og erfaringane ein person kan ha gjennom noko slikt kan også positiv innverknad på lokalmiljøet, og det å støtte oppom lokalbefolkninga gjev positivt inntrykk av kommunen.

I fjor vart heile denne konferansen dekka, stort sett pga eit kulturstipend utdelt av Sparebanken Hardanger. Men heimekommunen til deltakaren (Ullensvang herad) gav også sitt, om det ikkje var så mykje.

I år prioriterte Hardingbanken annleis, og eg fekk ingenting frå dei. Men det som var mest overraskande var at min eigen heimkommune, Ulvik herad, ikkje ville gi noka stønad. Dei hadde visstnok ingen «pott» på budsjettet dei kunne ta av. Det var ein av politikarane som føreslo å bruke av ein post på budsjettet dei ikkje hadde brukt eller kom til å bruka, men det vart nedstemt. Så kan ein undrast, då, kvifor ikkje Ulvik herad ynskjer å sende positive signal til lokalbefolkninga si?

No har det seg slik at mi eiga mor er medlem av dette formannskapet som behandla denne søknaden. Ho vart sjølvsagt ugild, og fekk heller ikkje inn ein vara. Som SV-ar er mor mi mislikt av «hovudmotstandarane» (Sp og Ap), spesielt ordføraren. Dei har òg fleirtalet i formannskapet. Sidan dette er ei lita bygd der alle kjenner alle, veit dei godt kven eg er dotter til. Då kan ein jo lura på om det kanskje er litt vanskeleg å skilja personlege konfliktar frå politiske saker?

Add comment sundag, juli 8, 2007

Helse – ei stor misforståing

Namnam

Kvifor er det slik i dag at med ein gong nokon snakkar om sunn mat vert tankane leda til slanking? «Ja no har eg lagt på meg eit par kilo, då må eg verkeleg byrja å eta sunt!» Dersom ein anbefaler folk å ete sunt vert ein sjølv beskulda for å synast dei er feite, sjølv om det ikkje er det som er problemet deira. Kvifor dette slankehysteriet, kvifor all denne misforståinga?

Eg meiner dette er svært skadeleg. Eg er sjølv ikkje noko stort fan av slankepress, og ynskjer ikkje å anbefale folk å slanke seg. Men det er så utruleg lett å gå i den fella! Fordi dersom nokon seier at dei skal slanke seg og med det ete sunt er det vel kanskje positivt? Nei, eg meiner at dersom den einaste grunnen til at ein heilt normal person skal ete sunt er slanking, tyder det at den personen er misfornøgd med seg sjølv og har låg sjølvkjensle. Men det tyder heller ikkje at personen ikkje skal ete sunt!

Det ein puttar i seg har noko å seie når det gjeld omtrent alt. Ein skal ete sunt for å ha det bra, fordi maten lett påverkar psyken. Men det å bli utsett for slankepress påverkar også psyken, på ein svært negativ måte. Difor skal ein ikkje gå inn for ein «slankekur», et sunt så føler ein seg betre! Ikkje få dårleg samvit for vekta dersom du et «feil». Kjenn etter med deg sjølv om du merkar nokon skilnad på t.d. humøret. Humøret er noko ein er svært avhengig av i dagleglivet.

Det å leggje merke til korleis maten påverkar ein kan vere ein stor fordel. Jo meir ein merkar at ein føler seg betre, jo enklare vert det å ete sunt. Og all «sunn» mat er ikkje for alle. Blir du dårleg av mjølk, så ikkje ha det i deg. Vaksne pattedyr er naturleg intolerante mot mjølk (kjelde: Wikipedia). Skal ikkje gå nærare innpå det i denne posten.

Ikkje tenk på vekta dersom den ikkje gjer noko konkret fysisk skade, tenk på at du ynskjer betre livskvalitet med betre humør, mindre sjukdom og meir glede! Helsefokuset må endrast snarast!

Add comment sundag, juli 8, 2007

(U)lykkedagen?

 

Forstyrrande reklameplakat Dagen var fredag den 13. april. Det var sol og fint vêr, så eg og ei venninne fann ut at me skulle kjøpe oss ein is og setje oss på ein av benkane på Vangen for å sjå på livet og nyta vêret.

Når me då set oss ned på ein av benkane er det ein stor reklameplakat for den nyoppstarta «Kari Traa»-butikken som kjem inn i synsvinkelen vår og bryt idyllen. Sjølvsagt må ein nyoppstarta «Kari Traa»-butikk ha tilhald på Voss, ikkje minst Vossevangen. Det er greit nok det. Men akkurat denne reklameplakaten vekte avsky i oss. Kari Traa ståande med nokre sauer ved ei gamal hytte i bakgrunnen. Ja då, heilt greit.

Men kvifor må dei farga sauene i slike fargar? Dersom farginga av sauene er fotomanipulert (noko dei forhåpentlegvis er), har dei i alle fall fått det til å sjå ut som om dei verkeleg har farga sauene. Og med måling? For det første håpar eg ikkje ullklede vert farga med vanleg måling, for det andre er løysemiddel MINST like skadeleg for dyr som for menneske. Og det ser jo berre forferdeleg unaturleg ut. Det at Kari Traa står der i ei rosa, tettsitjande ulldrakt skal eg ikkje kommentere noko vidare.

Så medan me dreiv på med dritslenging om plakaten og håpte på at den berre skulle forsvinne, skjedde det verkeleg eit fredag den 13.-under! Plutseleg utan forvarsel datt øverste delen av plakaten ned! Det lyste verkeleg opp vår dag =)

Add comment sundag, juli 8, 2007


Om meg

Eg er ungdomspolitikar med tilhaldsstad Voss/Hardanger. Er oppteken av miljø og politikk og sånt. Er Fairtrade- og økoambassadør og aktiv i Sosialistisk Ungdom, Økologisk Landslag (OIKOS) og Natur og ungdom.

Siste innlegg

Siste kommentarar

Blogroll